Besk oss p Facebook!

Språksamlaren Ivar Aasen 1813-1896


«Naar man tager Hensyn til alle Omstændigheder vedkommende Ivar Aasen, saa vil man vist finde, at han var en af vort Lands merkeligste Mænd, saa merkelig, at faa Lande, maaske intet andet land enn Norge, har havt en saadan Mand», skreiv venen og teologen Johannes Belsheim om Ivar Aasen i 1901.

 

Siden språkplanleggjaren, diktaren og mennesket Ivar Andreas Aasen døydde 23. september 1896, har det blitt skrive og sikkert sagt endå meir om denne mannen. Han var flogvitet som kom frå tronge kår, gjorde ei klassereise mot alle odds, og brukte livet sitt for at fedrelandet skulle få eit språk, står det ofte skrive. Men kva meir ligg der bak denne fasaden? Korleis var Aasen som person? Og korleis endra nynorsken Noreg?

 

I Noreg i dag kan vi bruke dialekten vår i mest alle samanhengar. Det er svært få land der ein kan stå på Stortinget og bruke dialekten sin utan at ein tenkjer noko vidare over det. Har vi fløymt at det var Ivar Aasen som omkalfatra heilde dette rådande paradigmet i Noreg om korleis ein skulle tenkje om språk?

 

Denne temautstillinga nærmar seg desse spørsmåla. Ho blei laga til Språkåret 2013, då vi feira 200-årsjukileet til Aasen. Det gjennomgåande grepet i utstillinga er at vi gir ordet til andre personar; det slåande sitatet er den berande bjelken. Samstundes har vi lagt inn interessante faktalinjer i botnen på kvar plansje.

 

Utstillingsperiode: 15. februar 2018 – 30. november 2018
Utstillingssted: Midt-Troms Barnemuseum, Finnsnes
Produsent: Ivar Aasen-tunet